Tuesday, June 30, 2009

Is is is


For tida er det tropevarme i Bergen. Arbeidstilsynet råder til improviserte løysingar når temperaturen blir for høg, så når det vart over 26°C på kontoret var det på tide å suse ut og kjøpe is! Sitting Bull er ein av favorittane, tett fulgt av Gullpinne og Bestis Bubbla :-)

Friday, June 26, 2009

Sol og sommer!

No er det sommar i Bergen! Dei siste dagane har det vore over 25°C! No er det endeleg helg, så då nyt eg anledninga til å ta meg ei pils på altanen og sjå på livet nede i byen :-) Kikkerten er ein favoritt om dagen. Kveldane blir stort sett avslutta med ein kaffikopp i handa på altanen medan eg ser på alle tullingane som surrer rundt nede ved uteserveringa på Zachen :-P

Oppussingsprosjektet surrar og går, men det går veeeldig seint no når det er så deilig ver. Fristar ikkje akkurat å stå inne med målarkosten når det er sånt knallver ute! Av same grunn har vi fortsatt ikkje fått på skapdørene på soverommet - det viste seg at vi manglar akkurat ein cm på å få dei på plass, så vi må bryte opp laminaten på golvet før vi monterer dei. Så legg vi parkett der inne også før vi skuar dei på plass. Heldigvis er eg akkurat såpass dårleg til å høyre etter at eg kjøpte 6 pakkar for mykje parkett då eg handla inn til stova, så vi har nok til soverommet også.

Men det spørst om vi klarer å få det på før vi reiser til Pamplona, det er meldt supert ver neste veke også... :-P

Thursday, June 04, 2009

Kor kjem alt rotet frå?

Held på og motar meg opp til å sette i gong med å rydde vekk papp, kartongar, isopor, parkettpakkar og boss. Usannsynlig mykje slikt som berr poppar opp når det skal flyttast... Men vi har kjøpt 20 liter måling som skal klæsjast på stoveveggane, så det må ryddast skikkeleg før eg set i gong (litt for dumt å snuble i emballasja frå bokhyllene med eit rullebrett fullt av måling i hendene). Håpet er å bli ferdig med eit strøk på iallefall eit par veggar no i løpet av kvelden - i helga er det meldt varmt og sol, så dersom eg er flink og får målt ein del i kveld kan det kanskje bli ei utepils eller to på altanen i morgon kveld :-D

Kursvirksomheit

video

Ikkje-lineære analyser i Ansys - kjempegøy!

Wednesday, May 27, 2009

Litt optimistisk på søndag...

No er soverommet ca ferdig. Stova er det litt verre med. Vi flekka vekk den gamle laminaten, og fann gammal parkett under. Det var en grunn til at det var lagt laminat på den - den var full i store stygge slitemerker og riper. Såpass mykje at vi var usikre på om sliping ville vere nok.

Dermed vart det ein liten tur ut for å kjøpe ny parkett, og så sette vi i gang med å flekke vekk den gamle parketten. Det var heller ikkje berre-berre. Stoveveggen inn mot naboen stod OPPÅ den gamle parketten, så der måtte vi sage laust inn mot veggen.

Den digre gamle vedovnen stod også oppå parketten (Kor gammal er den parketten? Frå huset var bygd i 1935???), og i beste "vi berre gjer det!"-stil konkluderte vi med at den også måtte ut. Dermed har flyttebudsjettet (så langt) sprukke med ca 25 storpengar.

"Joda, vi skal berre måle soverommet, og så flyttar vi inn!"

My ass.

Håper vi klarer å kome oss ut av gamleleiligheita i løpet av helga...

Sunday, May 24, 2009

Måleri målera

No har vi fått leiligheita vår! Har pussa opp soverommet (bilder kjem når ikea får inn skapdørene våre) og såvidt begynt på stova - det vart meir og meir vi ville gjere etterkvart som helga skreid fram, men med litt flaks er vi meir eller mindre innflytta i morgå kveld og klare for første natt i nytt hus :-) Heilt ferdige blir vi rett nok ikkje, men iallefall slik at vi kan bo der.

Monday, May 11, 2009

Kreativ middagsmann

For tida er eg ikkje så mobil - ikkje er eg særleg god til å bere plastnett, og eg har ikkje ein gong lov til å køyre bil før om ei veke. Dermed er det Mannen som har overtatt ansvaret for å handle og dermed også det evige spørsmålet "kva skal vi ha til middag i dag".

Han er litt meir kreativ enn meg på matfronten (når eg handlar blir det mykje spaghetti, fiskepinnar, kjøtkaker og sånt). Forrige veke vart det wok med nudlar, snitzlar med maisrømme, fiskesuppe med reker, og i dag kom han jammen heim med ein stor pose take-away sushi :-)

Trur nesten han skal få fortsette som middagssjef - det er jo stas med litt meir variasjon på matfronten enn berre det bestemors kjøkken kan varte opp med (sjølv om det er godt det også :-)

Og så er det dørgande kjedeleg i lengda å skulle finne på noko nytt til middag kvar dag...

Merkar at det blir mykje matmarming på meg her - eg har nok ikkje plutseleg utvikla ei enorm interesse for mat, det er heller at dagens høgdepunkt er middagstida når Mannen kjem heim, for då har eg selskap :-P MÅ kome meg på jobb igjen snart!

Friday, May 08, 2009

Bedre og bedre dag for dag

I dag tidleg vurderte eg ei lita stund å bestille drosje og stille på jobb, men konkluderte med at eg nok kunne halde meg heime ein dag til. Sjukmeldinga gjeld jo i to veker til, så det er sikkert greit at eg held meg heime 3 dager av dei 2,5 vekene legen foreskreiv.

No er mobiliteten såvidt i ferd med å kome seg litt også - kortare avstander kan forserast uten krykker. Dog skal det seiast at ein tur til butikken 150 meter borti gata viste seg å vere eit prosjekt som tok en halv time... Eg er ikkje heilt stødig på krykkene i utgangspunktet, og når det skulle manøvrerast mellom parkerte biler og i regnsleipe bakker tok det si tid.

Har såvidt begynt å pakke til flyttinga. Ringte til regnskapsføreren i sameiget i går, og han viste seg å vere ein lettare pratesjuk pensjonist som gjerne slo av ein prat i 20 minutt med fremmede som eigentleg berre ringer for å få vite kva selskap huset er forsikra i. Er SÅ klar for å flytte at eg knappast får sagt det!